Dagen er søndag, og tida står nesten stilt. Eg er aleine heime, og venter eigentleg berre på at klokka skal gå. Då eg i sumar var på TeFT samling i Oslo, blei me utfordra til å oppretta ein blogg slik at venner og kjente kan følgje med på kva vi skal drive med i Kenya. I utgangspunktet hadde eg nok aldri laga meg ein blogg, men nå, når eg først har oppretta ein, er dette kanskje like greit å berre komme i gong med blogginga...
Den siste månaden har vært ein bra måne, ein av dei bedre faktisk på mange måtar. Eg har virkeligt innsett kor herleg det er å være ferdig med videregåande skule når eg ser alle elevane ved Strand vgs henge ved Kiwien på Tau i lunsjpausen. Ein annan bra ting med siste den månaden er at det er blitt september, og jakta endeleg er i gong!Ein siste ting er at eg har noko å gleda meg til, og sjå fram til. 17 okt. byrjar eg på TeFT i Oslo og 24 okt. reisar eg saman med resten av TeFT gjengen til Kenya. Eg gler meg noko heilt sinnsjukt, og ser virkelig fram til å komme ned i varmen, treffe mange spanande menneske og byrje på undervisninga! Eg set stor pris dersom folk kan være med i forbønn for TeFT-opplegget, og misjonsvirksheita i Kenya!
Ellers har eg den siste månaden også vore på tur til Finnmark, og rypejakt i Lebesby. Eg og Per Andrè karra oss ut or sengene våre grytidleg fredag den 19 september og kom oss ut til Sola, og fløy til Bardufoss i Troms. Dette var ein svært innholdsrik tur med store opplevelsar. Noko dårlege, og mage gode.. Det byrja dårleg, for då me ankom Bardufoss flyplass fekk ikke Per Andrè bagasjen sin og då heller ikkje jaktutstyret sitt. Heldigvis hadde han fjellskoa i håndbagasjen, og hagla blei sendt som eige kolli. Etter ein litt amper diskusjon med mindre hyggelege nordlendingar, fekk med bekrefta at dei ikkje hadde noko ansvar for bagasjen til Per Andrè, men at dei skulle sende ut ei etterlysning.

Vidar klar for langtur..
Me la bak oss dette problemet, reiste til til Soltun soldatheim der Vidar Berge er bestyrar. Jostein ankom frå Tromsø, og etter litt fram og tilbake ang. valg av bil nærma med oss stygt. Me god mat, før med la i vei på dei 80 lange mila til Finnmark. Turen gjekk gjennnom Finnland, og her preserte sjåfør Madland og ikkje sjå skiltet til Kautekeino medan dei andre sov tungt. Resultatet blei ca 12 mil ekstra køyring, pluss ein del mobbing.. Men me kom fram, og me fann hytta inne i fjellheimen. Me fann òg litt rype i løpet av veka, faktisk langt fleire enn andre som hadde være i same terrenget tidligare. 22 ryper måtte bøte med livet for 4 strandbuars iltre haglsvermar. Turen heim igjen gjekk på ca 9,5 time, mot 13 opp, til tross for at eg kjørte ein heil del då dei andre berre vil sova..

Ein stad i Finnland..

Framme ved hytta..

Mykje hendte i Finnland...

Desse to rypene bidrog til 20 fantastiske minutt.. Skutt av meg..

Beinklar for fugl..

Ein nydeleg morgon..

Eit skrytebilete til slutt...
Må og legge til at med kom 3 min for seint til ferja tilbake til Tau søndagkveld, og vi blei då sittande på kaien i 80 min i vind og regn. Stor og vond smerte..
Ellers er eg nett ferdig på Comrod, der eg har jobba sidan skuleslutt. Hatt det fint her, men som einkvan syng i ein sang på radioen: de beste med jobben er tross alt å gå fra'n"..
Siste dagane har inneholdt tri turar på skarven. Skarvejakt er action heile tida, og de inneber mykje skyting og ein heil del fugl.. Særleg torsdag kveld var bra. Eg og Per Andrè satt klar på eit skjer, med heimelaga lokkeskarvar. Haglene lada med grov ammunisjon, og mord i blikket.. I byrjinga var det lite å sjå, berre ein og annan skarv måtte klappe saman vingene å stupe i sjøen. Men da skumringa kom, og kveldstrekket byrja tok de heilt av. Skarv fra alle kantar ville landa på skjeret vårt over en lav sko, og me fekk verkeleg skutt i fra oss. Slike dagar blir det gode minner av.

Great succses!
Og med det seiar eg takk for meg, og neste blogg blir nok frå Nairobi...